Tok turen til førde i dag, nærmare bestemt vatnet på Langeland, for å kjøre litt båt med broderen..
Broderen tok med videokamera og la seg midt utpå vatnet for å filme litt, mens eg stod på land og kjørte. Båten gikk fint, og eg trur vi fikk nokken gode "actionpictures" Veksla litt mellom rolig forbikjøring, 8-tall osv.
Det fatale skjedde då eg skulle kjøre forbi på maks fart.. Eg kjøra eit stykke vekk, gir gass og peisa bortover vatnet.. Plutselig ser eg Blackjacken treff gummibåten, går 2-3 meter opp i lufta og flyr 5-10 meter før den landa opp ned.. I sammenstøtet får gummibåten ei saftig flerre som gjør at lufta forsvinn på eit millisekund, og broderen går under, med kamera i handa.
Etter ein relativt hektisk redningsaksjon får eg omsider ein mildt sagt sjokka bror på land, og eg får svømt ut og henta blackjacken.. På vei inn igjen til land tenke eg " Det her e jo livsfarlig. Hadde eg kjørt en halv meter lenger til venstre hadde det nok ikkje bare vært materielle skader." Til alt hell vart det ingen personskader denne gang. Men dagen i dag har virkelig satt ein støkk i meg.. Trur ikkje eg heilt har innsett tidligare kreftene som faktisk er i sving..
Så dagens moral er: Ta hensyn og vær forsiktig. Det kan fort gå riktig galt