Tenkte eg kunne gi en liten update på kva som har skjedd her sidan sist.
I høst kjøpte vi 6 stk Scalare (også kalt Angelfish)
Dessverre døde en ganske kjapt, men dei fem andre lever i beste velgåande, et mykje mat og er blitt store og fine..
Til vår store forbauselse såg vi plutselig på julafta at to av dese Scalarene hadde lagt en mengde egg.. Kan tenke meg at det totalt var 200-250 egg
Vi hadde ikkje engang lagt merke til at dei var et par
Så dei siste dagane har det blitt tilbragt nokre timar framfor akvariet for å sjå på utviklinga..
Etter mykje studering på nettet og eit par telefonsamtalar til ein lokal oppdrettar bestemte vi oss i går for å flytte eggene over i eit anna akvarium.. Dette fordi en del av dei andre fiskane var begynt å ete eggene, så vi tenkte vi kunne la foreldre og kommande barn få litt fred i ein eigen tank. Så då fann vi fram att 100-literen vi pensjonerte etter at vi fekk 600-literen, og gjorde den klar for oppdrett..
Dessverre vart foreldrene litt vel stressa under heile aksjonen så då alle var på plass i sin nye, midlertidige heim såg ikkje det ut som dei brydde seg noko om eggene lenger. Dei holdt seg stort sett berre i eit hjørne og tok ikkje til seg mat eller noko.. Såg nesten ut som dei var i ei slags transe.. Men heilt tilfeldig før vi skulle legge oss i går satt vi litt og såg på dei for å sjå korleis det gjekk, og då begynte plutselig mora å ete eggene.. Så der vi hadde ca 100 levedyktige egg igjen, var det berre nokre sekund seinare ca 20 igjen.. Dette førte til at vi tok ca halvparten av eggene ut av tanken og hadde dei i eit liter-mål på badet over natta..
Då vi stod opp i da flytta vi fiskane tilbake i den store tanken, og då endra plutselig oppførselen seg drastisk.. Då såg det ut som dei begynte å leite etter eggene igjen, og var plutselig tilbake i foreldremodusen.. Merkelig nok hadde dei ikkje spist opp fleire egg iløpet av natta, så vi har framleis ca 20 levedyktige yngel.. Men trur uansett ikkje vi skal bekymre oss over dette, for når desse fiskane først har lagt egg ein gong, så gjentar det seg sånn ca kvar 14. dag.. Så her kan det bli mykje Scalarer framover..
Denne yngelproduksjonen har også ført med seg ei anna utfordring.. Når desse små fiskane no iløpet av dei neste dagane går fra å ligge inni eggene sine til å bli frittsvømmande må vi begynne å fore dei.. Greit nok det, fiskemat har vi nok av skulle ein tru. Men denne yngelen må ha levande føde for å skjønne at det er mat.. Så no er vi i tillegg til å drive fiskeoppdrett, begynt med Artemia-oppdrett.. Dette er eit knøtlite larveaktig dyr som lev i saltvatn opprinnelig, men kan overleve i ferskvatn eit par timar.. Og det skal visstnok være veldig god næring for nyklekka fisk.. Artemia blir levert som egg som vi klekker sjølv i ei saltvanns-oppløysing.. Ein prosess som tar ca 24 timar.. Så det blir spennande å sjå i morgon kveld om vi faktisk har noko mat til yngelen, eller om dei kjem til å svelte i hjel..
Ellers kan eg også fortelle at naboen kom innom i dag og lurte på om vi ville ha litt meir fisk frå han, for akvariet hans var blitt for fullt i fisk.. Vi takka høflig ja og fekk dermed 4stk Discus og 2stk Black Ghost.. Desse to siste har eg dessverre ikkje fått tatt bilde av for dei gøymer seg under den store rota.. Men legg med eit bilete frå nettet så de kan sjå korleis dei ser ut
Alt i alt har denne jula handla veldig mykje om fisk for min del.. Så får vi berre håpe at vi klarer å fostre opp litt småyngel til å bli like store og fine som foreldra
Og litt bilde sjølvsagt:
Alle "prikkane" på slangen er egg
Mora til eggene
Og faren til eggene
Her er nokre få av dei gjenlevande eggene
Og her er heimen deires dei neste mnd.
"Larve-klekkeriet" består av to stk colaflasker, ei luftpumpe, ein halv liter vatn, tre teskeier salt, ei teskei Artemia-egg og ei lampe for å holde varmen
Har dessverre ikkje rydda kjøkkenet i dag heller Pett4
Og oppi her vil der forhåpentligvis om ca 20 timar myldre i liv.. Det som heng langs kanten er egg..
Er dessverre ikkje like fint og ryddig som det var på nokre bilete tidligare i denne tråden, men no ser det altså slik ut.
Den store tanken har fått litt fleire "innbyggere"
Dei her er gamle
Men dei fire i framgrunnen er heilt nye Discus som vi fekk i dag.
Og så fekk vi som sagt to slike også.. Black Ghost, eller på latin: apteronotus_albifrons
Ein av dei første Discusane vi fekk, som vi har kalt Silje
Einaste fisken som har fått navn
Og til slutt ein liten bunnfisk.. Ancistrus Genus heiter den