Halloen!
Er ny på forumet.
Bur i Førde og inntil no er vi berre ei liten gjeng som køyrer litt i lag, men det er vel fleire som balar med dette i Førde?
Kunne vore morro med litt meir organisert køyring. Vi har køyrt mest på den digre parkeringsplassen ved Plantasjen/Spar Kjøp, som er heilt super for on-road bilar og viss du vil køyre buggy på asfalt.
Har to nitro-buggyar, ein 1/8 Victory hawk (Inferno-klone) og ein 1/10 Smartech Speedy Tiger. 1/8 bilen har ein .21 motor, og 1/10 bilen har ein særs hissig .15 motor og to-trinns kasse, den går faktisk utruleg godt med litt fintuning.
Har også dragsa fram att den gamle Marui Ninja'en eg har hatt i snart 20 år. Den manglar berre installasjon av ein regulator så skal den være fix. Regulatoren fekk eg tak i ny, på nettet frå Australia, dei er ikkje gode å finne deler til desse bilane lenger...
Om det er fleire Førde folk her så gi lyd.
Og forresten, det var eg som starta opp den Origo-sona som heiter Modellhobby,
http://origo.no/-/workgroup/show/102_modellhobby. Mest som eit prøveprosjekt fordi eg ville teste Origo, men det kan jo hende den kan utvikle seg. Det er lite innpå der inntil vidare men skal legge ut meir.
Her er mine ting:
I tillegg har eg tatt vare på eindel bilar som eg og brødrene mine hadde når vi var mindre, stort sett Nikko-bilar. Dei gamle Nikko bilane er jo begynt å bli samleobjekt etterkvart dei og...